Gå til innhold
Tid

10.03.2022 kl. 19:00

10.03.2022 kl. 20:00

Sted

Nasjonalbiblioteket og direktesendt på nett

Skeiv ordhistorisk aftan: frå tvitoling til ikkje-binær

10. mars kl. 19:00 – 20:00 fysisk på Nasjonalbiblioteket, eller på nett via direktesendt strømming.

Informasjon:

Foredrag med Kristin Fridtun.
Korleis har skeive personar blitt oppfatta og omtala gjennom tidene? Omgrep som «homoseksualitet» og «transperson» er relativt nye, men det er slett ikkje nytt å forelske seg i same kjønn eller å oppleve og uttrykke kjønn annleis enn samfunnet forventar. Det er heller ikkje nytt å setje namn på dei av oss som er eller gjer slik. I dette foredraget skal filolog og forfattar Kristin Fridtun fortelje om bakgrunnen til nokre av orda og uttrykka som har vore nytta. Vi får høyre om folkelege seiemåtar, medisinske fagnemningar og frukter av skeiv språkaktivisme: Tvitolingar og homannsførkjer møter kontrærseksuelle og ikkje-binære.

 

For mer info og lenke til strømming: https://www.nb.no/hva-skjer/skeiv-ordhistorisk-aftan-fra-tvitoling-til-ikkje-binaer/

 

SKEIVT KULTURÅR 2022

I 2022 markerer Nasjonalbiblioteket Skeivt kulturår. Fram til 1972 var det forbod mot seksuell omgang mellom menn i Noreg. At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut kjønnet vårt som vi vil, er resultatet av kampar på ulike arenaer. I utstillinga Stoltheit og fordom, viser Nasjonalbiblioteket materiale frå Riksarkivet og eiga samling, forteljingar om skeive frigjeringskampar og levde skeive liv i Noreg. I ei rekke arrangement i vinter, ser vi nærare på nokre av forteljingane frå den skeive kulturhistoria, og på det skeive i mellom anna popkulturen, forskjellige epokar av Noregshistoria og i språket vårt.

 

Arrangementa blir strøymde direkte på nb.no og på Facebook. Dei vil også vere tilgjengeleg i arrangementsarkivet vårt i etterkant. Ein treng ikkje billett for å sjå dei digitale sendingane.